Vandrande matfestival 9. november – du er invitert!

Årets sprekaste middagsfest, kortreist glede og tverrbygdeleg moro – Tour de Hjelmås – blir arrangert igjen 9. november.

Fjorårets arrangement var så velkoment at Bygdelaget 5915 satsar igjen. Me møtest kl 1730 ved Eknes karosseri (der julegrana pleier å stå) for ein velkomstdrink, der vertshusa blir presenterte. Deretter går me i grupper på 8-10 personar frå hus til hus for en 3-retters meny.

Gruppene miksast undervegs med kjente og ukjente naboar frå heile bygda.
Forrett, hovudrett og dessert med drikke blir servert i ulike vertshus, og alt er inkludert.

Uformell jazz-pub i Helleåsen til slutt, der DJ Monk er i storslag.

Hugs: Ein framand er ein ven du ikkje kjenner!

Bindande påmelding med betaling på 350 kr. pr. person seinast 20. oktober.
Har du spørsmål kontakt 915 38 429.

Meld deg på ved å klikka her.

Les saka frå matfestivalen i 2018 her. 

Matfestivalen er eit tiltak i Liv og Lyst-prosjektet som bygdelaget er med i, der noko av formålet er å integrera nyinnflytta innbyggjarar med dei som har budd her lenge, slik at me blir kjende og i lag samarbeider om å skapa eit godt miljø her me bur.

middag4

LivlystLitenFarger